Program 2024

23. april
Kva vi har lært av Hans og korleis blir vi klare for “Grete”?

Vi startar konferansen kl. 09.00. Denne dagen legg vi hovudvekta på klimatilpassing og korleis vi kan ruste samfunnet for meir ekstremvêr og andre utslag av klimaendringane.

Vi møter fleire som stod midt i “Hans” og flaumen etter ekstremvêret.

Areal på raudlista

24. april
Samanhengen mellom klimagassutslepp og arealbruk

Korleis vi kan forvalte areala våre klokt og i samsvar med klimaendringane og andre omsyn? Er det verkeleg slik at vi må gje opp areal for å handtere klimakrisa eller kan vi få både i pose og sekk? Vi legg opp til parallellsesjonar om arealnøytralitet, naturbaserte løysingar og energi og areal. Konferansen blir avslutta kl. 15.30

Meld deg på her!

#Klimaomstilling2024

Meld deg på her! #Klimaomstilling2024

Behovet for meir fornybar energi byr på dilemma som jordvern og naturmangfald versus solcelleparkar.

Meld deg på her!

#Klimaomstilling2024

Meld deg på her! #Klimaomstilling2024

Kvifor “Areal på raudlista”?

Måten vi lever på krev mykje areal. Det same gjer klimatilpassing og den grøne omstillinga samfunnet er i gang med. I tillegg treng naturen meir enn nokon gong å få tilbake areal av omsyn til naturmangfaldet. Og når naturkreftene herjar, tek dei tilbake areal. Areal er ein avgrensa ressurs – noko vi i Noreg ikkje har tatt inn over oss.

No ser vi tydelege målkonfliktar i kommunane sine arealplanar: ønsket om by- og næringsutvikling, klimatilpassing og ei nasjonal forplikting om å følgje opp den globale naturavtalen. Alt dette må kvar enkelt kommune balansere mellom. 

Årets konferanse har søkelys på korleis vi kan forvalte areala våre klokt og i samsvar med klimaendringane, bevaring av natur, utbygging av fornybar energi, utvinning av naturressursar og utvikling av byar, tettstader, hyttefelt og næringar. 

Uteaktivitetar og kveldsprogram

I tillegg gjentek vi to av fjorårets suksessar: eit tilbod om fysisk aktivitet på ettermiddagen, der du både får røre litt på kroppen og sjå deg rundt i Sogndal og omeign, og eit underhaldande kveldsprogram som òg er ope for tilhøyrarar utanifrå.

Meld deg på her!

#Klimaomstilling2024

Meld deg på her! #Klimaomstilling2024

Overnatting er ikkje inkludert i billetten. Bestill på Quality Hotel Sogndal- og spør etter konferansepris.