Program 2025
Hovudtema for konferansen:
Vi tek temperaturen på klimaomstillinga - kvar er vi no, og kva må vi gjere?
Treng vi ei grunnleggande samfunnsendring?
Kan kartlegging av klimarisiko førebu oss på konsekvensane av klimaendringar?
Kva skjer i klimapolitikken? Eit internasjonalt #Klimaomstilling er ein årleg, nasjonal perspektiv
Meld deg på innan 5.april!
Meld deg på innan 5.april!
6. og 7. mai 2025
Ti år med #Klimaomstilling
Tema for Klimaomstillingskonferansen 2025 var "Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling» og konferansen fann stad i Sogndal 6. og 7. mai. I 2025 arrangerte vi for tiande gong denne konferansen, samstundes som vi har hatt ti år med Parisavtalen og det er ti år sidan omgrepet «det grøne skiftet» blei lansert.
I 2025 såg vi på kva som har fungert dei siste ti åra og kva som står på spel i åra framover. Kva må vi gjere for å oppnå endringane som trengst for å møte klimautfordringane på globalt og lokalt nivå? Konferansen gav verdifull innsikt i kva for grunnleggande samfunnsendringar som må til og perspektiv på den internasjonale klimapolitikken.
I tillegg hadde vi innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging – kunnskap som er essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss.
Universitetet i Bergen
Professor Helge Drange frå Universitetet i Bergen heldt innlegget “Frå historiske svingingar til menneskeskapte endringar”.
Helge Drange
Stockholm Environment Institute
Professor Richard Klein, som er medlem av Noradapt sitt internasjonale vitskapsråd, heldt eit innlegg om risikoen for at vi mislukkast i å bremse utsleppa av klimagassar og at den globale oppvarminga bringer verda inn i ein vippepunkt-situasjon. Er det i det heile tatt mogeleg, gitt vår noverande forståing av politikkutforming for klimatilpassing, sa Klein i innlegget.
Richard Klein
Klimaspreke aktivitetar kl. 16:00 - 17:15
Gåtur: Stedjeåsen
Turen på Stedjeåsen gir deltakarane ein flott moglegheit til å oppleve naturen rundt Sogndal, samtidig som Naturvernforbundet delar kunnskap om natur og klimaomstilling. Det er ein uformell tur som både aktiviserer kropp og tankar, og skapar rom for gode samtalar.
Oppmøte: Utanfor hovudinngangen til hotellet
Fjordstien
Turen langs Fjordstien gir innsikt i klimautfordringar som havnivåstiging og fortetting. Det er ein fagleg tur der vi får høyre aktuelle problemstillingar, samtidig som vi nyt naturen langs fjorden.
Oppmøte: Utanfor konferansesalen
Joggetur
Joggeturen er ein uformell aktivitet der deltakarane kan få rørt på seg og få litt frisk luft før kvelden. Turen gir ei fin moglegheit til å koble av og lade opp før resten av dagen.
Oppmøte: Ved respesjonen
Klimafest
Denne kvelden dykkar vi inn i klimaforteljingane som bor i oss. Vi har alle i oss ulike forteljingar om klimakrisa, og desse forteljingane gjer også noko med oss. Vi skal høyre om ulike tankar om kva som har gått galt, kven som er ansvarleg, og korleis vi ser føre oss ein framtid med ulike løysingar på klima- og naturkrisa. Forteljingane kjem til oss gjennom media, sosiale medium, kunst, musikk, litteratur, og i menneskemøte, men kor møtast vi og kva bringar oss vidare til løysingar og framtidstru?
Brukt- og reparasjonsmarknad
I samarbeid med Framtida i våre hender og Simas arrangerer vi reperasjons- og bruktmarknad frå kl. 18 i foajeen i konferanseområdet. Ta med deg det du ynskjer å selje, og marker dei tydeleg med nummer for vipps og pris. Klede og utstyr kan leverast dagen før 5.mai, mellom kl.17-19 (utanfor konferansesalen) eller same dag, frå kl. 17:00-18:00. Det blir også mogleg å få hjelp til enkle reperasjonar av klede og tekstilar. Ein leverer inn på eige ansvar og ein må sjølv syte for at lappen med vippsnummer og pris sit godt fast. Det som eventuelt ikkje vert seld må plukkast opp same kveld, eller mellom kl.17:00-19:00 onsdag 7.mai.
Forteljingar om framtida
Korleis vil Sogn sjå ut i framtida? Bli med på ei gripande reise inn i det ukjente med forteljarkunstnar Mimesis Heidi Dahlsveen! Med si unike evne til å veve saman kunst og forsking, tek ho oss med inn i forteljingar som ikkje berre målar eit bilete av framtida, men som også utfordrar oss til å sjå samtida med nye auge. Gjennom sine forteljingar opnar ho døra til ei verd av innsikt, refleksjon og engasjement.
Sofasamtale
Bli med på ei inspirerande sofasamtale der tre engasjerte stemmer deler sine unike klimaforteljingar! Fotograf Vegard Aasen, aktivist Frida Steinbakk og formidlar i KlimaKultur Erlend Eggen kjem frå ulike bakgrunnar, men deler eit engasjement for klima- og naturkrisa. Kva var det som vekte deira engasjement? Kva framtid ser dei føre seg – og kva gir dei håp? I denne samtalen får vi høyre meir om utfordringane dei møter og løysingane dei trur på.
Konsert
Opplev ein magisk og kraftfull konsert med Ella Marie Hætta Isaksen! Med si unike blanding av samiske tradisjonar, moderne musikk og djupt samfunnsengasjement, tek ho oss med på ei reise gjennom lyd, historie og kamp. Ella Marie er ikkje berre ein prisvinnande artist, men også ein brennande aktivist som brukar musikken sin til å løfte viktige spørsmål om klima, natur og urfolksrettar. No er ho tilbake i Sogndal for å dele si historie, sitt engasjement og sine kraftfulle låtar med oss.