Program 2024

Meld deg på innan 5.april!

Meld deg på innan 5.april!

Tysdag 23. april, kl. 09:00 - 15:30

Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete vil ynskje oss velkomen til årets konferanse.

Liv Signe Navarsete

Norsk klimastiftelse

Anders Bjartnes er degleg leiar og ansvarleg redaktør i Energi og klima, og redaktør i Norsk klimastiftelse. Han har meir enn 25 år bak seg i pressen, og har gitt ut boka “Det grøne skiftet”. Han er årets konferansier og skal leie oss gjennom programmet.

Anders Bjartnes

NVE

Toril Hofshagen er spesialrådgjevar ved skred- og vassdragsavdelinga i NVE. Ho har erfaring frå handteringa av fleire større flaum- og skredhendingar, som ekstremvêret “Hans” og leirskredet i Gjerdrum. På konferansen snakkar ho om kva vi kan lære av “Hans”.

Toril Hofshagen

Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap

Erling Kvernvik frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap tek for seg kva DSB ønskjer å lære av “Hans”.

Erling Kvernevik

Nesbyen kommune

Svein Magne Bråten er beredskapsleiar i Nesbyen kommune og stod midt i dei dramatiske hendingane i august 2023. Han skal snakke om Nesbyen etter “Hans”. Kva no?

Svein Magne Bråten

Skred AS

Kalle Kronholm er dagleg leiar i Skred AS, der han arbeider med kartlegging av skredfare, sikringstiltak, akutte farevurderingar og skredvarsling. Han tek oss med tilbake til Nesbyen i august 2023.

Kalle Kronholm

Statsforvaltaren i Vestland

Kan erfaringane frå “Hans” endre korleis vi arbeider med klimatilpassing, spør Mari Severinsen, assisterande fylkesberedskapssjef hjå Statsforvaltaren i Vestland.

Mari Severinsen

NORCE

Ulrich Pulg er seniorforskar i Norce. Han tek føre seg kor vidt ei satsing på naturbaserte løysingar kan redusere flaumskader, og hentar døme frå Vestland.

Ulrich Pulg

Vestlandsforsking

Korleis ser ein trønder og ein rogalending på klimarisiko - og kven er best til å tilpasse seg, spør Bror K. R. Tandberg, trainee ved Vestlandsforsking. Han fortel om ei ny teneste Noradapt lanserer, med fylkesprofilar for haldningar og innsats for klimatilpassing.

Bror Tandberg

Vestlandsforsking

Korleis kan vi involvere folk flest i arbeidet med klimatilpassing? Mari Hanssen Korsbrekke er sosialantropolog og seniorforskar ved Vestlandsforsking. Ho deler erfaringar frå folkeforsking på vêr og klima i Osterøy, Sunnfjord og Kinn.

Mari Hanssen Korsbrekke

Norsk Regnesentral

Meir regn og ekstremver førar til meir skade på bygg og infrastruktur. Ola Haug skal i sitt innlegg presentere ein risikomodell for vasskader på bygg knytt til styrtregn.

Ola Haug

Panelsamtale: Korleis ser ein på arealbruken sin etter ekstremvèrhendingane det siste året?

Tenkjer vi anleis på korleis vi brukar areala våre etter å ha opplevd ekstremvèr? Kjem vi til å prioritere areal til førebyggande tiltak - og korleis sikrar vi allereie utbygde områder? Vi får ein diskusjon mellom politikarar som har stått midt i “stormen” og kva refleksjonar ein gjer seg i ettertid. på scena finn du Mari Severinsen, assisterande fylkesberedskapssjef i Vestland, Marit Hougsrud, ordførar i Sør-Aurdal og Tonje Såkvitne, ordførar i Voss herad.

Klimaspreke aktivitetar kl. 16:00 - 17:15

Gåtur: natur i sentrum

Bli med på ein hyggeleg vandring i Sogndalsfjøra med botanikar og økolog Inger Auestad og landskapsarkitekt Stina Skjerdal. Vi ser på kvifor ein bør setje naturen i sentrum, og døme på korleise dette er gjort i “Fjøra”.

Vandring langs Sogndalselvi

Bli med på vandring langs Sogndalselvi saman med Ulrich Pulg og Vestland fylkeskommune. Vi ser på løysingar for å minimere risiko for flaum, moglegheiter for naturbaserte løysingar, kantvegetasjon og biologisk mangfald.

Joggetur langs fjordstien

Treng du å bevege deg litt ekstra etter ein lang dag på konferanse? Da kan du bli med på joggetur gjennom Sogndal med vakker fjordutsikt til Sognefjorden.

Konferansemiddag kl. 18:00

Klimakveld kl. 19:30

Bokbad om menneske og klima etter siste istid

I 2023 skreiv historikar Eivind Heldaas Seland og maringeolog Kikki Flesche Kleiven bok saman. I “En kort introduksjon til klimahistorie - Menneskene og klimaet etter siste istid” viser dei korleis klimaendringer i nokre periodar har ført til problem og kriser, medan det andre gonger har bidrege til innovasjon, tilpassing og vekst, og korleis vitenskapen og verdssamfunnet blei klar over og har forsøkt å handtere den globale oppvarminga. 

Sofaprat med Håvard Nyhus, Marit Kasin og Truls Gulowsen

Den storstilte og bit-for-bit nedbygginga av natur har den siste tida fått stor merksemd i media. I denne sofasamtalen diskuterer Håvard Nyhus (NRK), Marit Kasin (Avisa Valdres) og Truls Gulowsen (Naturvernforbundet) effektane av desse oppslaga - kva følgjer kan denne merksemda få for klimadebatten?

Ordskifte med Ella Marie Hætta Isaksen

Ein samtale om å vere ung aktivist og møte statsmakta på slagmarka for brot på urfolk sine rettar, Ella Marie Hætta Isaksen, aktivist og kunstnar, i samtale med Siri Smith. Vi blir betre kjend med Ella Marie og snakker med ho om musikken og forfattarskapet, og ikkje minst om korleis ho ser på arealbruken i Norge.

Velkomen til ein hyggeleg og inspirerande kveld på Quality Hotell!

Onsdag 24. april kl. 09:00 - 15:00

Parallellsesjonar

Arealnøytralitet - kan det lukkast?

Klarar vi å stanse tap av natur og har vi metodene vi treng? I denne parallellsesjonen går vi djupare inn i kommunane sitt arbeid med mål om arealnøytralitet, den komplekse myra og metodane som skal sikre oss mot nedbygging av natur.

Gir vi naturbaserte løysingar nok rom?

Kva skjer i kommune-Norge når det gjeld naturbaserte løysingar? I denne parallellsesjonen får vi døme på dette frå forskarar og Haugesund kommune. Dei gir oss innblikk i kva som gjerast og kor vegen går vidare for desse høgaktuelle løysingane for klimatilpassing.

Kor mykje areal må energien koste?

Eit aukande energibehov krevjar at vi tar stadig fleire komplekse avgjerdsler. I denne parallellsesjonen utforskar vi kvar det er best å byggje vindmøller, ulemper ved arealbeslag for solcelleutbygging og interessekonfliktar knytt til arealbruk for fornybar energi.

Innleiarar

Sintef

Berit Time er sjefforskar ved Sintef og arbeider mellom anna med klimatilpassing av bygg og infrastruktur. Han skal svare på kva som skjer i kommune-Norge når det gjeld naturbaserte løysingar og kor vegen går vidare.

Berit Time

Haugesund kommune

Lene Røkke Mathisen er miljøvernrådgjevar i Haugesund kommune. Ho fortel om kommunen si kartlegging av brannrisiko i utbygde område og korleis dei har brukt naturbaserte løysingar.

Lene Røkke Mathisen

Høgskulen på Vestlandet

Kor mykje karbon finst det i djupet, spør Julien Vollering ved Høgskulen på Vestlandet i sitt innlegg. Gjennom forskingsprosjektet Repeat måler han karbonlagring i myr og utforskar metodar for å kartlegge torvdjupn over store areal.

Julien Vollering

Eivind Brendehaug

Vestlandsforsking

Hjelper betre data og metodar for areal- og naturrekneskap mot nedbygging av natur? Eivind Brendehaug er seniorforskar ved Vestlandsforsking og forskar på klimaendringar og naturmangfald.

Birgit Ryningen

Sintef

Birgit Ryningen ved Sintef forskar på berekraftig energiteknologi. Ho tek for seg ulemper ved å bandlegge areal for å bygge solcelleparkar.

Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune

Sogndal kommune er pilotkommune for Vestland fylkeskommune sitt nye arealrekneskap. Dei har testa verktøyet i sin arealplanprosess. Saman skal dei snakke om korleis arealrekneskap kan utgjere ei brikke i planleggingspuslespelet.

Iselin Helløy og Markus Mohn Werner

Kristin Nåmdal

Alver kommune

Kristin Nåmdal frå Alver kommune vil fortel om Nordhordaland sin interkommunale plan for sjøareal. Kva er utfordringar og fordeler i eit slikt samarbeid og kva er viktig å tenke på når vi forvaltar fjord og sjø?

Lars Asplin

Havforskningsinstituttet

Gruvedrift og dumping i sjø og fjordar -Korleis står det til med areala under vatn?

Lars Asplin frå Havforskningsinstituttet vil fortel om konsekvensane for livet unner vatn når vi har gruvedrift og dumpar avfall i og nær fjordane våre

Norges geotekniske institutt

Amy vil dele erfaringer frå det europeiske H2020 prosjektet, PHUSICOS (2018-2023). Prosjektet har hatt som mål å demonstrere korleis naturbaserte løysingar kan tilby robuste, berekraftige og kostnadseffektive tiltak for å redusere risikoen ved ekstreme værsituasjoner i rurale fjellstrøk.

Amy Oen

Marie Pontoppidan

Norce

Energieffektive areal for vindkraft på land - kva er beste plassering, spør Marie Pontoppidan forskingsleiar på regionalt klima i Norce. Svaret på kva som er dei beste areala finst det ikkje eit enkelt og entydig svar på, men kva verktøy har vi og hva blir vektlagt i vurderingane?

Fleire innleiarar blir publisert fortlaupande.