2023:
Vanskelege val:
Korleis få opp tempoet i klimaarbeidet?

Sjå bilete frå Klimaomstilling 2023

Sjå bilete frå Klimaomstilling 2023

Onsdag 3. mai 2023

Kikki Kleiven

Bjerknessenteret

Kor langt er vi komne i arbeidet med å nå klimamåla for 2030? Korleis kan vi få fart på omstillinga?

Jon Bjartnes

Verdens naturfond (WWF)

Samfunnet blir stilt på prøve når omsynet til klima kolliderer med andre interesser. Kva har dette å seie for samfunnsdebatten?

Simon Neby

Senter for klima og energiomstilling

Kvifor er klimakrisa eit særleg gjenstridig problem? Korleis kan lovgjevarar og forvaltning handtere slike problem?

Mari Helliesen

Universitetet i Bergen

Er klimakrisa den største trusselen mot demokratiet vårt?

Thea Gregersen

Norce

Kva er det som får mange til å tvile på klimakrisa? Handlar det om utdanningsnivå og mistillit, eller noko heilt anna?

Panelsamtale: Tone Smith, Arild Vatn og Jørgen Pedersen. Samtaleleiar: Carlo Aall

Kva er alternativet til økonomisk vekst som prinsipp for samfunnsutviklinga? Korleis kan vi redusere forbruk og produksjon utan at dei som har minst, får mindre?

Parallellsesjonar

Framtidas energibehov

Grøn omstilling blir ofte brukt som argument for å bygge ut fornybar energi. Korleis kan vi møte det aukande behovet for ikkje-fossil energi på ein måte som òg ivaretek naturmangfald?

Sosialt rettferdig omstilling

Klimatiltak råkar folk ulikt og kan bidra til å auke sosiale skilnader. Korleis kan vi sikre at klimatiltaka blir meir rettferdige og at alle får same høve til å ta del i klimaomstillinga?

Sirkulærøkonomi 2.0

Økonomisk vekst er for mange eit urokkeleg premiss, og er kopla til høge utslepp av klimagassar. Korleis kan vi legge til rette for ein økonomi med berekraftig ressursbruk og nullutslepp?

Postersesjon med studentar frå høgskulen på vestlandet

Studentar på masterutdanninga Climate Change Management presenterer masteroppgåvene sine i form av ei posterutstilling i foajeen utanfor konferanselokalet.

Fem kull med masterstudentar er så langt blitt uteksaminerte frå dette utdanningsprogrammet i Sogndal, som er tverrfagleg og har ein internasjonal studentmasse.

Klimakveld

Sogndal Quality Hotel, kl. 19.30-21.30

Bokbad med Espen Ytreberg, forfattar og professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo. Den nyaste boka hans tek for seg den norske industrielle hvalfangsten og trekkjer linjer frå det mange kallar “Norges første oljealder” til dagens mineraloljealder.

Føredrag med Calum Macintyre frå Stopp Oljeletinga Sogndal om radikal klimaaktivisme og sosial ulydnad. Er miljørørsla nøydd til å ty til sivil ulydnad for å oppnå samfunnsendringane dei meiner er nødvendige?

Performanceføredraget “Economic Theory for Dummies” med kunstnar Amund Sjølie Sveen. Scenekunstnaren tek for seg den teoretiske, historiske, filosofiske og psykologiske bakgrunnen for dagens økonomiske røyndom og korleis retorikken i systemet, etter hans syn, pregar både media og måten vi tenker på.

Arrangementet er gratis for konferansedeltakarar, men ope for alle interesserte. Kjøp billett i døra eller via påmeldingssida (pris: 200 kr).

Torsdag 4. mai 2023

Vestlandsforsking

Klimaverneplan - et grep for å sikre naturleg klimatilpassing?

Carlo Aall

NTNU (Institutt for geografi)

Nye forvaltningsverktøy for kommunane kan auke tempoet på integrering av oppgåver innan ureining, klimatilpassing og vassforvalting

Jan Ketil Rød

Panelsamtale: Korleis får vi heile næringslivet med på det grøne skiftet?

Vestland er er eit stort industrifylke med hårete ambisjonar for den grøne omstillinga og eit vedteke mål om netto nullutslepp innan 2030. Spennet i næringslivet er stort: Medan enkelte verksemder har kome langt og er leiande i sine bransjar både nasjonalt og internasjonalt, er det andre som ikkje er i gang. Skal fylket lykkast med den grøne omstillinga, må næringslivet spele ei nøkkelrolle.

Korleis kan vi sikre at heile breidda i næringslivet, frå dei store og etablerte til dei små og nyoppstarta, er rusta for omstillinga som kjem?

Grøn Region Vestland, Innovasjon Norge, Norengros, Sparebanken Sogn og Fjordane, og Klimapartnere Vestland deltek i denne panelsamtalen, leia av Arild Sondre Sekse.

Parallelle diskusjonsgrupper

Her vil vi ta for oss konkrete oppgåver relatert til dei tre emna i konferansen + eit bonusemne!
I eit workshop liknande forum diskuterer vi, og samarbeider på tvers, for å løyse utfordringar som vi møtar i klimaomstillinga.

Framtidas energibehov

Korleis kan kommunar ta omsyn til naturmangfald i planlegging av vindkraftsaker?

Innleiing av NVE og Statsforvaltaren Vestland.

Sosialt rettferdig omstilling

Korleis kan kommunar utarbeide klimaplanar som integrerer sosial berekraft?

Innleiing av Vestland fylkeskommune.

Sirkulærøkonomi 2.0

Kva treng vi av ny kunnskap, nye politiske initiativ og nye nettverk for gjere samfunnet vårt meir sirkulært?

Innleiing av KS og Smultring Tønsberg.

Forvaltingsverktøy for miljøgiftar

Utprøving av forvaltingsverktøya Miljøgiftkartlegger og GIS-ROS, utvikla av forskarar i prosjektet Vannklimrisk.

Innleiing av NTNU og Vestlandsforsking.