2021:
Ny klimapolitikk -
klimaomstilling i praksis?

28. april 2021

Digital posterutstilling og klimafilm

28. april hadde me eit interaktivt arrangement med posterutstilling av masteroppgåver frå studentar ved Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet. Dei kan du fortsatt besøke og lese her - posterutstilling. Me hadde òg premiere på ein ny klimafilm av Johan Wildhagen. Filmen er laga i samarbeid med forskingsprosjektet ClimTour og visualiserer korleis naturbaserte reisemål vil bli påverka av klimaendringar. Filmen ser du her - Villvinter

29. april 2021

Sjå opptak av innlegga ved å trykke på innleggstittel under.

Sjå opptak av innlegga ved å trykke på innleggstittel under.

Sveinung Rotevatn: Klimadebatten

Då regjeringa i januar la fram stortingsmelding nr. 13 (2020-2021) “Klimaplan for 2021–2030”, lova dei eit “historisk taktskifte i norsk klimapolitikk”. For første gong skulle ei regjering legge fram ein truverdig, heilskapeleg plan for å få ned utsleppa i alle sektorar. Korleis har mottakinga på den ambisiøse klimameldinga vore?

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) opnar konferansen, og tek for seg kva for innspel regjeringa fekk før og under Stortinget si handsaming av klimameldinga. Kva blei avklart og kva er dei politiske konfliktane dei tek med seg inn i valkampen?

Halfdan Wiik frå Besteforeldrenes klimaaksjon kommenterer klima- og miljøministeren sitt innlegg i etterkant.

Stefan Gössling: global turisme og COVID-19 - kan pandemien skape eit meir berekraftig reiseliv?

Stefan Gössling er professor og forskingskoordinator i berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking. I april 2020 publiserte han ein vitskapleg artikkel om korleis vår erfaring med covid-19 kan endre samfunn, økonomi og reiseliv på lang sikt. Artikkelen har slått alle rekordar for nedlasting hos forlaget.

Kva trur Gössling vil skje når vi får høve til å reise att? Vender vi tilbake til våre gamle mønster eller kjem pandemien til å utgjere eit tidsskilje?

Tidlegare direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i NHO Reiseliv, Hilde Charlotte Solheim, kommenterer innlegget.

Marie Storli: økonomiske verkemiddel i arbeidet med klimaomstilling - Kan prinsipp som sirkulærøkonomi bidra til berekraftig omstilling?

Marie Storli er leiar i Rethinking Economics Norge, ein medlemsorganisasjon for økonomar, studentar og andre med økonomifagleg interesse. Organisasjonen arbeider for større mangfald i økonomisk tenking og ønskjer å demokratisere den offentlege debatten om økonomiske spørsmål. Marie skreiv masteroppgåva si om berekraft og økonomiske klimamodellar, og skal snakke om kva vi kan lære av økologisk økonomi og smultringøkonomi (Doughnut Economics).

Finansbyråd i Oslo kommune, Einar Wilhelmsen (MDG), kommenterer innlegget i etterkant.

Kulturinnslag: artist og klimaaktivist Marte Wulff

Artist og låtskrivar Marte Wulff er dei siste åra blitt kjend som klima-aktivist. I kronikkar som «Hvor er artistene i klimakampen? En oppfordring», publisert i VG i 2020, tek ho til orde for at fleire skal bry seg om denne store, viktige saka som pregar vår tid.

Wulff bidreg på konferansen, ikkje berre musikalsk, men i form av nok ei innstendig oppfordring om å ta klimaspørsmålet på alvor.

Parallellsesjonar

Null-utslepp i praksis – kva kan eigentleg kommunar bidra med?

Ingrid Verne og Merete Gynnild (Miljødirektoratet)
Kunnskap bak rettleiaren Konsekvensutredningar for klima og miljø, og kunnskap om karbonrike areal i arealplanlegging.

Truls Folkestad (Sunnfjord kommune) og Molly Bazilchuk (Ducky)
Todelt presentasjon: Sunnfjord kommune sine erfaringar med klimabudsjett, og Ducky som verktøy for forbruksbasert klimarekneskap på kommunenivå.

Stina Oseland (Bergen kommune)
Bergen kommune sitt arbeid med sirkulærøkonomi for å redusere klimagassutslepp frå privat forbruk

Frode N. Bye (Statens vegvesen)
Reduksjon av klimagassutslepp frå Statens vegvesen si verksemd – kvifor og korleis?

Klimatilpassing 2.0 - erfaringar frå 10 år med klimatilpassing

Ole Jørgen Grann (KS)
10 år sidan den første og einaste offentlege utgreiinga om klimatilpassing kom: Kor står kommunane i arbeidet med klimatilpassing, og kor går vegen vidare?

John Sverre Rønnevik (Asplan Viak)
Arealbruksendringar og naturbasert klimatilpassing som alternativ til tradisjonelle, tekniske løysingar.

Jøran Solli (Trondheim kommune)
Indikatorar for måling av klimatilpassing av fysiske område, bygningar og infrastruktur i små, mellomstore og store kommunar

Torbjørn Selseng (Noradapt)
Kva skjer på regionalt nivå? Resultat frå den første kartlegginga av korleis fylkeskommunar og statsforvaltarar jobbar med, og samarbeider om, klimatilpassing

Stortingsvalet hausten 2021 blir eit val der store endringar er venta. Ei lengesitjande regjering blir utfordra av distrikta. Landet er på veg ut av økonomisk krise og pandemi. På toppen av dette spøkar klimakrisa - men kjem valet i 2021 til å dreie seg om klima?

Vi spør eit knippe politiske kommentatorar: Magnus Takvam (NRK), Kjetil B. Alstadheim (Aftenposten), Anders Bjartnes (Energi og Klima).

Ordstyrar: Ragnhild Freng Dale (Vestlandsforsking)

Avsluttande Plenumsesjon