Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?
21.-22. september 2026 i Sogndal
Konferansen er fullteikna –
men du kan framleis melde deg på Sirkulære Sogn
Påmelding til Sirkulære Sogn er open til 18. september.
Verda er prega av stor uro, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar den politiske uroa i verda.
I år vil vi løfte fram korleis vi kan halde fram arbeidet med klima og natur når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.
Klimaomstillingskonferansen er tverrfagleg innretta med ei brei målgruppe: forskarar, andre fagfolk og avgjerdstakarar innan offentleg og privat sektor.
21. september: Klimarisiko og beredskap
Denne dagen ser vi på korleis samfunnet kan førebu seg på meir ekstremvêr og andre konsekvensar av klimaendringane. Du får mellom anna høyre om nye kommunevise klimaframskrivingar frå Norsk klimaservicesenter, og høyre innlegg om beredskap for naturfarehendingar. Nytt av i år er at vi inviterer alle norske forskingsmiljø til å presentere siste nytt frå forskinga si på klimatilpassing.
22. september: Utsleppskutt og omstilling
Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan vi halde fram med å kutte utslepp, ta betre arealval og omstille samfunn og verksemder til eit lågutsleppssamfunn?
Sirkulære Sogn:
22. september kl 12:00-16.00
Som ein del av Klimaomstillingskonferansen blir Sirkulære Sogn arrangert – eit fagleg seminar om korleis byggjenæringa kan bli meir sirkulær. Gjennom innlegg og samtalar blir det sett søkjelys på mellom anna ombruk, transformasjon, demontering, materialstraumar og korleis sirkulære løysingar kan takast i bruk i praksis.
Etter seminardelen held Sirkulære Sogn fram med eit ope FoU-møte i regi av Vestlandsforsking, med fokus på ombruk, klima og utvikling av nye verdikjeder.
Aktuelt
NY SAK FRÅ VESTLANDSFORSKING
Forskarar om årets konferanse, beredskap og utfordringane kommunane står overfor
Når krig pregar nyheitsbiletet, korleis kan vi rydde plass til klimaomstillinga? Vestlandsforsking har snakka med forskarar og arrangørar om årets konferanse, klimaberedskap og utfordringane kommunane står overfor.
Anne Karin Hamre og Marta K. Jansen.
Foto: Idun A. Husabø
Klimaomstillingskonferansen 2026
Utforsk programmet
Sjå kva som skjer gjennom dei to konferansedagane, og finn sesjonane som er mest relevante for deg.
Dag 1
21. september
Foto: Martin Håndlykken/Vestland fylkeskommune
Opning ved fylkesordførar i Vestland fylkeskommune
Jon Askeland
Fylkesordførar i Vestland (Sp)
Jon Askeland er lokal- og regionalpolitikar for Senterpartiet (Sp). Han har vore fylkesordførar i Vestland sidan den nye fylkeskommunen vart oppretta i 2020.
Foto: Rune Rolvsjord
Korleis kombinere omsyn til beredskap opp mot sikkerheitspolitisk uro og klimakampen?
Julie Marie Borna Fossem
Senterdirektør for forsvarsevne og totalberedskap i NORCE
Innlegget utforskar koplinga mellom klimaomstilling, forsvarsevne og totalberedskap: Korleis kan vi byggje robuste samfunn som både handterer klimaendringar og styrkjer beredskapen mot framtidige kriser? Julie vil òg løfte fram behovet for kunnskapsutvikling som grunnlag for gode avgjerder.
Om Julie
Julie Fossem er senterdirektør for forsvarsevne og totalberedskap i NORCE. Ho har bakgrunn frå Forsvaret og er medlem av porteføljestyret for forsvarsevne, sikkerheit og beredskap i Noregs forskingsråd.
Kvifor dette er relevant
Klimaendringar endrar Forsvaret sine operasjonsmønster og skaper nye og samansette risikoar for sivilsamfunnet. Med erfaring frå både forsvar og politikkutvikling kan Julie belyse kva klimaendringar og klimaomstilling betyr for forsvarsevne, totalberedskap og robuste kritiske samfunnsfunksjonar.
Korleis bør Norge rette inn sitt arbeid videre med klimatilpassing? Regjeringas ekspertutval for klimatilpassing legg fram sine anbefalingar
Ingrid Hjort
Postdoktor ved BI og leiar av regjeringa sitt ekspertutval
om klimatilpassing
Ingrid Hjort arbeider mellom anna med klimaøkonomi, miljøøkonomi og nytte-kostnadsanalysar. Ho leier regjeringas ekspertutval, som undersøker dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av klimaendringar og klimatilpassing i Noreg. På konferansen legg ho fram anbefalingane frå regjeringa sitt ekspertutval for klimatilpassing.
Kor er det tryggast å køyre i dag og korleis blir det i framtida med eit endra klima? Lansering av Noradapt sitt system for klimarisikorangering av norske veier
Jan Ketil Rød
Professor ved NTNU og styremedlem i Noradapt
Om Jan Ketil
Jan Ketil Rød er professor i geografisk informasjonsvitskap ved Institutt for bygg og miljøteknikk ved NTNU. Han arbeider mykje med klimaendringar og klimatilpassing, og er særleg oppteken av korleis geografiske informasjonssystem (GIS) kan brukast til å finne kritiske område som kan bli mest utsette for klimaendringar.
Foto: Carlye Calvin / UCAR
Klima i Norge: Det nye kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing
Marie Pontoppidan
Forskingsleiar for Regionalt Klima ved NORCE
Presentasjonen tek utgangspunkt i rapporten «Klima i Norge», som vart lansert hausten 2025, og presenterer det nye nasjonale kunnskapsgrunnlaget for klimatilpassing i Noreg. Her får deltakarane innsikt i dei viktigaste funna, kva dei betyr for ulike delar av landet, og vegen vidare for å ta kunnskapen i bruk i planlegging og klimatilpassing.
Om Marie
Marie arbeider med klimamodellering og klimaframskrivingar på lokalt og regionalt nivå, med særleg vekt på å gjere klimadata forståelege og brukbare for offentleg sektor.
«Vatn er Norges største utfordring.»
Marie Pontoppidan
Kvifor dette er relevant
Marie kombinerer tung klimafagleg kompetanse med erfaring frå tverrfagleg klimatilpassingsarbeid i kommunar. Ho omset forsking til praktisk kunnskap for avgjerdstakarar.
Korleis kan kommune og næringslivet samarbeide om analyse av klimarisiko som næringslivet står overfor og korleis redusere klimarisikoen?
Carlo Aall, Tom Gundersen og Heide Solheim Norbeck, med fleire
Noradapt, Klimapartnere Vestland og PwC
Sesjonen viser korleis kommunen og næringslivet kan samarbeide om å analysere klimarisikoen næringslivet står overfor, og korleis risikoen kan reduserast.
Samtale mellom Carlo Aall (Noradapt), Tom Gundersen, Heide Solheim Norbeck (PwC) og fleire.
Innføring i bruk av Klimaservicesenter sine nye kommuneprofilar.
Norsk klimaservicesenter testar ut nye klimaprofilar på kommunenivå, som gir ei oversikt over dagens og framtidas klima i kvar kommune. Profilane er utvikla som eit kunnskapsgrunnlag for lokal klimatilpassing.
Dei kommunevise klimaprofilane er laga i samarbeid med pilotkommunane Rakkestad, Skjåk og Vestvågøy og utvikla med eit sterkt brukarfokus. Norsk klimaservicesenter ønskjer å samle verdifulle tilbakemeldingar frå brukarane i testperioden. Bli med på ein live demo og del erfaringar, ris og ros, slik at dei kommunevise klimaprofilane kan bli endå betre før lanseringa i desember.
Innleggshaldar
Kristine Garvin
Forskar ved Meteorologisk institutt (MET) og nestleiar i
Norsk klimaservicesenter (KSS)
Om Kristine
Vårt mål er å gjøre det naturvitenskapelige kunnskapsgrunnlaget for klimatilpasning lettere tilgjengelig og mer anvendelig.
Kristine Garvin
Om Kristine
Kristine Garvin er forskar ved Meteorologisk institutt (MET) og nestleiar i Norsk klimaservicesenter (KSS). Ho arbeider med forskingsformidling av fysisk klimarisiko i Noreg, lokale klimaendringar og klimatilpassing i norsk forvaltning.
Som arbeidspakkeleiar i prosjektet Klimakverna har ho leia arbeidet med å utvikle dei kommunevise klimaprofilane. Profilane er utvikla i tett samarbeid med pilotkommunane og med eit sterkt brukarfokus, slik at klimakunnskapen skal bli lettare å forstå og ta i bruk lokalt.
Klimarisiko og klimatilpasning på norske veger
Noradapt og Statens vegvesen Vestland
Miniseminaret ser på korleis klimaendringar, tilstanden på vegnettet og trafikkmønster kan påverke risikoen i transportsystemet – og korleis data, GIS og andre verktøy kan brukast til å prioritere klimatilpassingstiltak der behovet er størst.
Sesjonen blir avslutta med ein arbeidsverkstad der deltakarane får bruke verktøyet for klimarisikorangering til å utforske konkrete problemstillingar og vurdere kva område og vegstrekningar som kan vere særleg utsette for klimarisiko.
Innleggshaldarar
Kjersti Granås Bardal, Ole-Mathias Nes og Jan Ketil Rød
Statens vegvesen, NTNU og Noradapt
Om innleggshaldarane og sesjonen
Kjersti Granås Bardal
Seniorrådgjevar i Statens vegvesen, divisjon Transport og samfunn, seksjon Overordnet planlegging og analyse.
Ho har doktorgrad i transportøkonomi og er fagleg engasjert i korleis nytten av eit meir motstandsdyktig vegnett kan synleggjerast, slik at førebyggjande tiltak kan prioriterast i tide. Ho arbeider òg med berekraftig mobilitet, byvekstavtalar og utgreiingar om kollektivtransport.
Klimatilpassing av transportsystemet – korleis prioriterer vi dei rette tiltaka?
Klimaet skaper allereie utfordringar for transportinfrastrukturen, mellom anna gjennom skred og flaum. I arbeidet med neste Nasjonal transportplan har transportverksemdene sett nærare på venta konsekvensar av klimaendringar, effektar av klimatilpassingstiltak og behov for betre data og verktøy. Bardal gir smakebitar frå NTP-utgreiingsoppdrag 5-2025 «Motstandsdyktighet i transportsektoren», kapittel 2.
Ole-Mathias Nes
Seksjonsleiar for Utredning vest, avdeling Transport vest, divisjon Transport og samfunn i Statens vegvesen.
Utredning vest arbeider mellom anna med Nasjonal transportplan, bompengeutgreiingar, konseptvalutgreiingar, transportanalysar og forprosjekt på riksveg.
Tilstandskartlegging av vegnettet
I 2025 leia Nes eit arbeid om tilstanden på riks- og fylkesvegnettet på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Bruk av tilstandsindikatorar for å beskrive konsekvensar og risiko ved manglande prioritering av drift og vedlikehald stod sentralt. Han viser korleis tilstanden på vegnettet kan brukast som kunnskapsgrunnlag, og koplinga til klima og miljø.
Jan Ketil Rød
Professor i geografisk informasjonsvitskap ved Institutt for bygg og miljøteknikk, NTNU, og styremedlem i Noradapt.
Han arbeider mykje med klimaendringar og klimatilpassing, og er særleg oppteken av korleis geografiske informasjonssystem (GIS) kan brukast til å finne kritiske område som kan bli mest utsette for klimaendringar.
Klimarisikorangering av norske vegar
Rød viser korleis GIS og verktøyet for klimarisikorangering kan brukast til å identifisere utsette område og vegsegment. Deltakarane får utforske korleis køyreforhold kan endre seg som følgje av mellom anna nullgradersføre, sterk vind og snøfokk, styrtregn, flaum, skred, stormflo og erosjon – og sjå dette i samanheng med trafikk, vedlikehaldsetterslep og sikringstiltak.
DEL 1: Innføring i transformativ samskapingsmetodikk for naturbaserte løysingar med eksempel frå ulike land.
Del 1 av 2
EU-prosjektet Integrate NBS og Vestlandsforsking
Arbeidsverkstaden held fram i parallellsesjon 2 kl. 15.30–16.30.
Innleggshaldar
Irmelin Gram-Hanssen
Seniorforskar ved Vestlandsforsking
Om sesjonen
På arbeidsverkstaden får du ei innføring i den verdibaserte samskapingsmetodikken som er utvikla i forskingsprosjektet Integrate Nature-based Solutions. Metodikken skal bidra til at naturbaserte løysingar ikkje berre løyser tekniske problem, men òg byggjer opp under berekraftige lokalsamfunn med plass til både folk og natur.
Du får høyre døme på korleis metodikken er brukt i Sogndal, Bilbao i Spania, Minsk i Polen, Gotland og Kävlinge i Sverige. Etter arbeidsverkstaden vil du ha kjennskap og basiskompetanse til å arbeide vidare med metodikken i din eigen kontekst – anten du jobbar i ein kommune, ei bedrift eller ein interesseorganisasjon.
Verkstaden går føre seg på engelsk sidan fleire av innleggshaldarane er frå utlandet. Gruppearbeidet blir på norsk.
Om Irmelin
Irmelin Gram-Hanssen jobbar som seniorforskar ved Vestlandsforsking, der ho forskar på klimatilpassing og miljøforvaltning som inngang til gjennomgripande samfunnsendring mot auka berekraft. Irmelin leier det nasjonale senteret for berekraftig arealbruk, Landfutures, og det internasjonale forskingsprosjektet Integrate Nature-based Solutions.
Når vi jobber aktivt og strategisk med verdiene våre, så får vi til andre samtaler som ikke går rett på uenighet og konflikt, men som skaper grunnlag for å lære fra hverandre og få frem nyansene som ligger i «for» og «mot» et bestemt tiltak. Dette kan igjen skape gode kompromiss eller helt nye løsninger.
Irmelin Gram-Hanssen
Framlegging av forsking om klimatilpassing
Noradapt
14.00–15.00 · Forskingspresentasjonane går parallelt i to rom.
Sjå køyreplan
Korte forskingspresentasjonar gir innblikk i ny kunnskap om klimatilpassing frå fleire fagmiljø. Presentasjonane går parallelt i Fjørasalen 1 og Fjørasalen 2.
Fjørasalen 1 · Det fysiske grunnlaget
-
14.00–14.15 · Denise Rüther · HVL Sogndal
Jordskred under ekstremværet «Hans»: betydningen av jord- og skogegenskaper -
14.15–14.30 · Johannes Voll Kolstø · Norsk Regnesentral
Naturfaremodellering for økt beredskapssamarbeid i brann- og redningstjenestene -
14.30–14.45 · John Paul McLean · NIBIO
Norwegian research into balancing protection from climate-induced-gravitational natural hazards with other forest ecosystem services -
14.45–15.00 · Anne Sophie Daloz · CICERO
Integrating Multi-Hazards for Better Preparedness: Insights from a project with Bergen Municipality, Norway
Fjørasalen 2 · Styring og politikk
-
14.00–14.15 · Roxana Roos · UiB Senter for vitenskapsteori
Uutnyttet potensial av lokal kunnskap i planprosesser -
14.15–14.30 · Halvor Dannevig · Vestlandsforsking
Hva produseres når vi samproduserer kunnskap for klimaomstilling? -
14.30–14.45 · Lilo Henke · SINTEF
Co-producing climate change adaptation indicators with small Norwegian municipalities -
14.45–15.00 · Torbjørn Selseng · Vestlandsforsking
Governing with Interiority: Dialogic Approaches to Worldviews and Societal Transformation
Innføring i bruk av Vestland fylkeskommune sin rettleiar i analyse av klimarisiko.
Vestland fylkeskommune
Eit nytt, fleksibelt verktøy skal gjere det enklare for kommunane å gjennomføre tverrfaglege klimarisikoanalysar og tilpasse arbeidet til eigen kapasitet og eigne behov.
Innleggshaldarar
Tine Sille Svendsen og Ragnhild Feidje
Vestland fylkeskommune
Om sesjonen
Verktøyet for klimarisiko er todelt: Kommunane må gjere sjølve analysen i eit Excel-basert verktøy, medan dei brukar rettleiaren for fagleg støtte, forklaringar og døme undervegs. Klimarisikoanalyse er tverrfagleg, og verktøyet er lagt opp for å samle fagfolk frå ulike delar av kommunen rundt same bord.
Fleksibelt verktøy tilpassa ulike kommunar
Kommunane kan tilpasse analysen etter eigen kapasitet og behov. Dei kan starte enkelt og byggje vidare over tid, og velje å sjå nærare på bestemte næringar, tenester eller geografiske område. Eller dei kan ta for seg éin type klimarisiko om gongen.
Analysen kan mellom anna gi svar på:
- korleis klimaendringar påverkar kommunale bygg, infrastruktur og tenester
- om enkelte innbyggjargrupper er særleg sårbare
- korleis lokalt næringsliv kan bli påverka av marknadsendringar og brot i verdikjeder
Om Tine og Ragnhild
Tine Sille Svendsen og Ragnhild Feidje har jobba med å lage det nye verktøyet i Vestland fylkeskommune.
Tine Sille Svendsen
Tine Sille Svendsen jobber med klima-, natur- og arealpolitikk i Vestland fylkeskommune. Hun har erfaring fra både offentlig forvaltning, tankesmie og internasjonalt ungdomsengasjement, og arbeider blant annet med politiske oppdrag, høringsinnspill, forskning og utvikling og veiledning av kommuner. Hun er særlig opptatt av å koble fag, politikk og kommunikasjon for å bidra til en rettferdig omstilling til et lavutslippssamfunn.
Ragnhild Feidje
Ragnhild Feidje er seniorrådgjevar for klimaomstilling i Vestland fylkeskommune og har fleire års erfaring frå arbeid med klimaomstilling.
Bli inspirert til korleis øve på beredskap og naturfarehendingar i lys av klimaendringar.
Tema: Øving som verkemiddel for styrka beredskap og samhandling.
Bolken er lagt opp som ein demonstrasjon, der deltakarane får ei innføring i korleis Statsforvaltaren øver kommunane i Vestland – og korleis kommunane og andre sjølve kan planleggje og gjennomføre øvingar. Seansen blir ein kombinasjon av orientering og ein open samtale med deltakarane om metodar, erfaringar og praktiske grep for å styrke lokal beredskap.
Nøkkelpoeng: Erfaringsdeling gjennom øvingar er eitt av dei viktigaste suksesskriteria for å stå betre rusta mot framtidige hendingar.
Innleggshaldar
Haavard Stensvand
Fylkesberedskapssjef, Statsforvaltaren i Vestland
Om Haavard
Om Haavard
Haavard Stensvand er fylkesberedskapssjef i Vestland, med lang og brei erfaring frå både tidlegare Sogn og Fjordane og dagens Vestland fylke. Han har samordna den regionale handteringa av ei rekkje hendingar, inkludert ekstremvêr, naturhendingar og koronapandemien, og har inngåande kunnskap om samfunnstryggleik, beredskap og krisehandtering.
Han kombinerer praktisk erfaring med strategisk forståing av korleis kommunar, statlege aktørar, frivillige og andre beredskapsaktørar må samhandle. Stensvand legg særleg vekt på erfaringsdeling, øving og felles situasjonsforståing som grunnlag for betre beredskap.
DEL 2: Innføring i transformativ samskapingsmetodikk for naturbaserte løysingar.
Del 2 av 2
EU-prosjektet Integrate NBS og Vestlandsforsking
Framhald frå parallellsesjon 1 kl. 14.00–15.00.
Innleggshaldar
Irmelin Gram-Hanssen
Seniorforskar ved Vestlandsforsking
Om arbeidsverkstaden
På arbeidsverkstaden får du ei innføring i den verdibaserte samskapingsmetodikken som er utvikla i forskingsprosjektet Integrate Nature-based Solutions. Metodikken skal bidra til at naturbaserte løysingar ikkje berre løyser tekniske problem, men òg byggjer opp under berekraftige lokalsamfunn med plass til både folk og natur.
Du får høyre døme på korleis metodikken er brukt i Sogndal, Bilbao i Spania, Minsk i Polen, Gotland og Kävlinge i Sverige. Etter arbeidsverkstaden vil du ha kjennskap og basiskompetanse til å arbeide vidare med metodikken i din eigen kontekst – anten du jobbar i ein kommune, ei bedrift eller ein interesseorganisasjon.
Verkstaden går føre seg på engelsk sidan fleire av innleggshaldarane er frå utlandet. Gruppearbeidet blir på norsk.
Om Irmelin
Irmelin Gram-Hanssen jobbar som seniorforskar ved Vestlandsforsking, der ho forskar på klimatilpassing og miljøforvaltning som inngang til gjennomgripande samfunnsendring mot auka berekraft. Irmelin leier det nasjonale senteret for berekraftig arealbruk, Landfutures, og det internasjonale forskingsprosjektet Integrate Nature-based Solutions.
Når vi jobber aktivt og strategisk med verdiene våre, så får vi til andre samtaler som ikke går rett på uenighet og konflikt, men som skaper grunnlag for å lære fra hverandre og få frem nyansene som ligger i «for» og «mot» et bestemt tiltak. Dette kan igjen skape gode kompromiss eller helt nye løsninger.
Irmelin Gram-Hanssen
Framlegging av forsking om klimatilpassing
Noradapt
Frå 15.30 · Forskingspresentasjonane går parallelt i to rom. Fjørasalen 1 held fram til kl. 17.00, medan Fjørasalen 2 held fram til kl. 16.45.
Sjå køyreplan
I Fjørasalen 1 er temaet klimatilpassing i praksis. I Fjørasalen 2 handlar presentasjonane om verknader av klimaendringar på samfunnet.
Fjørasalen 1 · Klimatilpasning i praksis
-
15.30–15.45 · Brooke Wilkerson · NORCE
Nature-based solutions at the landscape-scale: upscaling NbS to address root causes in three Norwegian case studies -
15.45–16.00 · Miriam Saraceni · Institutt for bygg- og miljøteknikk, NTNU
What is extreme for NbS? Thoughts on their identification between climate scientists and urban hydrologists -
16.00–16.15 · Edvard Sivertsen · SINTEF AS
Retningslinjer for taknedløp fra flate kompakte tak -
16.15–16.30 · Jian Liu · NIBIO
Tests and development of agricultural adaptation measures for Norwegian cereal production in the Precilience project -
16.30–16.45 · Lillian Øygarden · NIBIO
Klimatilpasning i jordbruksproduksjoner- tilpasning til lokale jord og klimaforhold -
16.45–17.00 · Synnøve Rivedal · NIBIO
Kan omgraving av dyrka myrjord gi betre klimatilpassing og redusere klimagassutslepp?
Fjørasalen 2 · Virkninger av klimaendringer på samfunnet
-
15.30–15.45 · Kristin Løseth · Vestlandsforsking
Varmere klima, tap av permafrost, isbreer og snøfonner: hvor mye må norsk fjellturisme tilpasse seg? -
15.45–16.00 · Ola Haug · Norsk Regnesentral
Beregning av framtidige skadekostnader etter overvannsflom for bygninger i Norge -
16.00–16.15 · Marianne Mosberg · Norsk institutt for vannforskning (NIVA)
Sosial klimasårbarhet og rettferdig klimatilpasning i Oslo -
16.15–16.30 · Brigt Dale · Nordlandsforskning
Bevissthet om grenseoverskridende klimarisiko blant aktører i lakseoppdrettsnæringen i Nord-Norge: en kvalitativ studie -
16.30–16.45 · Alexandra Meyer · Vestlandsforsking
Trenger vi kulturbaserte løsninger?
Ein sosial og fagleg avslutning på dag 1
Festaften på Norsk Bremuseum
18.00 Felles avreise med buss frå Quality Hotel Sogndal
Festmiddag
Laga med lokale råvarer
Filmvisning
Bremuseet sin film om Jostedalsbreen
Omvisning
Omvisning på museet
Bokbad og boklansering
Ny bok om norsk klimaomstilling, utgitt på Springer forlag.
22.00 Retur med buss til Quality Hotel Sogndal
Boklansering
«An Account of Why Norway only Nearly Succeeded in Creating a Sustainable Climate Transformation»
Idun Husabø (Vestlandsforsking), Carlo Aall (forfattar, Vestlandsforsking) og Jørgen Randers (har skrive forordet).
Dag 2
22. septemberOpning ved programvert
Klimautfordringan mot 2070: Kva vil sannsynlegvis skje – og kva burde vært gjort annleis?
Jørgen Randers
Professor emeritus og forfattar
Om Jørgen
Jørgen Randers er klimaforskar, professor emeritus i klimastrategi ved Handelshøyskolen BI og forfattar. Han var sentral i oppbygginga av BI, har vore nestsjef i WWF og var medforfattar av den internasjonalt kjende boka The Limits to Growth.
Eit langt blikk på klimaomstilling
Randers har gitt ut ei rekkje bestseljande bøker om klima, ressursbruk og den langsiktige utviklinga i verda. Som 80-åring rettar han no særleg merksemda mot Kina, som han håpar kan få ei avgjerande rolle i den globale klimaomstillinga.
Bergen var første by i Norge med å vedta et klimamål: Kor langt har vi kome med klimaomstillinga?
Tarje Iversen Wanvik
Direktør i plan- og bygningsetaten for Bergen kommune, og
tidlegare forskar på klimaomstilling ved UiB
Klimaomstilling i spennet mellom fag og politikk.
Om Tarje
Tarje Iversen Wanvik er direktør i Plan- og bygningsetaten i Bergen kommune og har tidlegare vore forskar på klimaomstilling ved Universitetet i Bergen. Bakgrunnen hans spenner dermed frå forsking på klimaomstilling til praktisk ansvar for plan- og bygningsforvaltning i kommunen.
«Klimaomstilling må i større grad utfordre strukturell omstilling som ansvarliggjør myndigheter og større aktører.»
Tarje Iversen Wanvik
Kor trykker skoen i det å ta større omsyn til naturmangfald i praktisk arealplanlegging?
Vegard Erikssen
Seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune
Vegard Erikssen er seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune og arbeider med geografiske informasjonssystem (GIS) og analyse.
Samtale mellom innleiarane kombinert med spørsmål frå salen
Innleiarane
Leia av Aslaug Aalen
Aslaug Aalen er miljødirektør og medlem av leiargruppa hjå Statsforvaltaren i Vestland. Ho leier panelsamtalen med innleiarane og spørsmål frå salen.
Bygg og klima- Nye krav til ombruk og gjenvinning utfordrar både kommunar og næringsliv. Korleis kan planverk, arkitektur og design bidra til meir sirkulære og framtidsretta bygg?
Sirkulære Sogn Del 1 av 3
12.00–12.55
Første del av Sirkulære Sogn. Del 2 held fram etter kaffipausen, og del 3 er ope FoU-møte.
Sjå programmet
Om Sirkulære Sogn
Sirkulære Sogn samlar arkitektar, entreprenørar, kommunar, forskingsmiljø og næringsliv til ein fagdag om sirkulære bygg. Gjennom konkrete døme, ny forsking og diskusjonar på tvers av fagmiljø ser vi nærare på korleis ombruk av materialar, smartare planlegging og nye verdikjeder kan bidra til både klimagasskutt og ny verdiskaping.
Program
Velkomst og opning
Joachim Næss og Bjarte Nysæter Svensen
Sogndal kommune
Sirkulære bygg i praksis; handlingsrom og utfordringar.
Mari Myklebust & Ina Marie Bollingberg
Bruket Arkitektur
Korleis teikne bygg som enkelt kan demonterast eller transformerast om 50 år?
Christian Tangene
Norconsult
Offentlege anskaffingar som drivar for sirkulære bygg, bør vi måle meir klima?
Oppsummering
Arealrekneskap som verktøy for planvask. Innlegg om myr (HVL), LAVDAS (Kartverket), Kart over grå areal (Miljødir.), datasett relevante for planvask.
HVL, KS, Kartverket og Vestland fylkeskommune
Myr er viktig for naturmangfald, klima og vasshandtering. Samtidig ligg det framleis myrareal inne i eldre arealplanar som opnar for utbygging. Kva gjer vi når ny kunnskap om naturen møter gamle planar?
I denne sesjonen tek vi utgangspunkt i myr som eit konkret døme på utfordringane i arealforvaltninga. Vi startar med kvifor myr er viktig, og ser på korleis myr har blitt kartlagt og kva kunnskap vi har i dag. Deretter ser vi på nye kart- og analyseverktøy og korleis dei kan gi oss betre kunnskap om areala våre.
Innleggshaldarar
Ingrid Knutsdotter Koren, Anne Guro Nøkleby og Magnhild Sletten
HVL, Kartverket og Miljødirektoratet
Om sesjonen
Ingrid Knutsdotter Koren, Høgskulen på Vestlandet (HVL)
Innleier med eit fagleg blikk på myr – kvifor myr er viktig, korleis myr tradisjonelt har blitt kartlagt, og kva utfordringar vi har med dagens kunnskapsgrunnlag.
Anne Guro Nøkleby, Kartverket
Presenterer LAVDAS og viser korleis bildeanalyse kan brukast til å kartleggje myr, kva kartlaget kan fortelje oss og kva vi kan forvente av slike nye datakjelder.
Magnhild Sletten, Miljødirektoratet
Presenterer Naturkart – ei ny satsing på eit landsdekkjande økosystemkart basert på satellittdata, med meir detaljert informasjon om mellom anna våtmark og myr. Ho vil også vise korleis nye kunnskapsgrunnlag kan brukast i konsekvensanalysar og arealforvaltning, og korleis gråarealkartet kan hjelpe oss å finne alternative areal for utbygging og redusere presset på myr og annan natur.
Korleis talfeste og redusere dei indirekte utsleppa utløyst av kommuneorganisasjonen og innbyggjarane sitt forbruk? Demonstrasjon av eit nytt «klimaspel».
Vestlandsforsking og Asplan Viak
Korleis kan kommunar bruke klimarekneskap til å gå frå kunnskap om utslepp til konkrete tiltak og oppfølging?
Marta Baltruszewicz og Bror Kristian Raanaas Tandberg presenterer tre typar klimarekneskap for offentleg sektor: klimafotavtrykk per innbyggjar, klimafotavtrykk for verksemda og geografisk klimafotavtrykk.
Gjennom interaktive Power BI-rapportar viser dei korleis kommunar kan etablere ein baseline, identifisere utslepps-hotspots og få betre oversikt over ansvar og handlingsrom.
Sesjonen inneheld også demonstrasjon av eit nytt klimaspel.
Sesjonen ser også på korleis kommunar og fylkeskommunar kan leggje til rette for redusert forbruk blant innbyggjarane, styrkje samhandling på tvers av avdelingar og bruke klimabudsjett til monitorering og oppfølging.
Innleggshaldarar
Marta Baltruszewicz og Bror Kristian Raanaas Tandberg
Asplan Viak og Vestlandsforsking
Om innleggshaldarane og sesjonen
Marta Baltruszewicz
Seniorrådgivar i Asplan Viak og PhD i økologisk økonomi
Marta arbeider med klimafotavtrykk og berekraftsanalysar, og med å kombinere klimadata med involverande prosessar som kan gi kommunar og fylkeskommunar betre eigarskap til klimamål og tiltak.
Frå klimarekneskap til handling
Marta viser korleis klimarekneskap og utsleppsanalysar kan brukast som grunnlag for prioriteringar, oppfølging og styring av klimaarbeidet.
«Eit klimarekneskap skaper ikkje endring i seg sjølv. Verdien oppstår når data blir kombinert med gode prosessar som gir eigarskap til mål, tiltak og oppfølging.»
Marta Baltruszewicz
Bror Kristian Raanaas Tandberg
Vestlandsforsking
Bror arbeider med klimaomstilling, natur og medverknad, med særleg interesse for samhandling på tvers. Han leier for tida arbeid med små og store kommunar sitt handlingsrom for å redusere innbyggjarane sitt klimafotavtrykk.
Hva kan kommunen gjøre for å redusere ditt fotavtrykk? Hvordan vende klimaarbeidet mot forbruk i små og store kommuner
Bror ser på kva handlingsrom kommunar og fylkeskommunar har for å leggje til rette for redusert forbruk, kva som hindrar arbeidet i dag, og korleis betre koordinering på tvers av avdelingar kan bidra til framdrift.
«Vi vet at det å redusere fotavtrykket til innbyggerne i kommunen er av stor betydning, men kommunene sliter med å flytte fokuset hit»
Bror Kristian Raanaas Tandberg
Bygg og klima- sirkulære byggdialog mellom kommune og næringsliv (del 2)
Sirkulære Sogn Del 2 av 3
13.00–14.10
Sirkulære Sogn
Andre del av Sirkulære Sogn, med ombruk i praksis, returtre og panelsamtale. Etter denne delen held programmet fram med del 3 av 3: ope FoU-møte.
Sjå programmet
Om Sirkulære Sogn
Sirkulære Sogn samlar arkitektar, entreprenørar, kommunar, forskingsmiljø og næringsliv til ein fagdag om sirkulære bygg. Gjennom konkrete døme, ny forsking og diskusjonar på tvers av fagmiljø ser vi nærare på korleis ombruk av materialar, smartare planlegging og nye verdikjeder kan bidra til både klimagasskutt og ny verdiskaping.
Program
Kaffipause og mingling
Katarzyna Ostapska
SINTEF Community
Tilstandsvurdering av trekonstruksjon i 100 år gammel pallefabrikk: adaptiv ombruk eller ombruk?
Eirik Rygg
Nordbohus
Ombruk i praksis.
Erik Larnøy
NIBIO
Returtre, kva har vi og kva kan det brukast til?
Panelsamtale
Pause før FoU-møte
Korleis «vaske» gamle planar mot nye datasett med arealrekneskap som verktøy.
HVL, KS, Kartverket og Vestland fylkeskommune
I denne sesjonen ser vi på korleis kommunar kan bruke ny kunnskap, kartdata og oppdaterte naturdata til å vurdere eldre arealplanar på nytt. Myr blir brukt som eitt konkret døme på areal som tidlegare kan vere sette av til utbygging, men der ny kunnskap gir grunnlag for nye vurderingar.
Innleggshaldarar
Truls Hansen Folkestad, Lina Hamre og James Holtom
Sunnfjord kommune, Voss kommune og Vestland fylkeskommune
Om sesjonen
Truls Hansen Folkestad, Sunnfjord kommune og Lina Hamre, Voss kommune
Viser korleis dei har gått fram i arbeidet med å vurdere eldre planar. Dei to kommunane har valt ulike tilnærmingar, og vi får sjå korleis ny kunnskap – mellom anna om myr – kan brukast til å stille spørsmål ved areal som tidlegare er sette av til utbygging.
James Holtom, Vestland fylkeskommune
Samlar trådane og ser på korleis kunnskap, kartdata og plandata kan brukast saman for å forstå arealutfordringane – og korleis dette kan omsetjast til konkrete vurderingar gjennom planvask.
Ny kunnskap bør gi oss mot til å revurdere gamle arealval.
Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid? Presentasjon og gode eksempel frå rundt om i Norge.
Klimapartnere
Korleis kan tempoet i klimaomstillinga haldast oppe når rammevilkåra er i endring og merksemda blir trekt i mange retningar?
Klimapartnere opnar Den grøne løysingsbanken og løftar fram konkrete døme frå aktørar i regionen som arbeider for å få fart på omstillinga.
Sesjonen viser kva som skal til for å gå frå ambisjon til handling, kva andre kan lære av aktørar som allereie er i gang, og korleis samarbeid kan bidra til å halde retning og framdrift. Små og store grep som faktisk gjer ein forskjell står i sentrum.
Leiar for sesjonen
Truls-Einar Strand Johnsen
Nasjonal koordinator for Klimapartnere
Om Klimapartnere Vestland
Om Klimapartnere Vestland
Truls-Einar Strand Johnsen er nasjonal koordinator for Klimapartnere og leiar sesjonen.
Klimapartnere Vestland er eit forpliktande partnarskap for utsleppskutt og grøn omstilling i Vestland. Partnarskapet er del av det nasjonale Klimapartnere-nettverket og samlar aktørar frå næringsliv, kulturliv, offentleg sektor og akademia.
I Vestland består nettverket av 80 partnarar som arbeider på tvers av sektorar for å drive fram utsleppskutt, grøn næringsutvikling og omstilling mot eit nullutsleppssamfunn. Klimapartnere skal mobilisere pådrivarar og bidra til at klimamål blir omsette til konkret handling.
Felles avslutning, oppsummering og praktisk informasjon.
14.30–16.00
Opent FoU-møte v/ Vestlandsforsking
Sirkulære bygg i praksis – FoU-møte om ombruk, klima og nye verdikjeder.
Møtet er ope både for deltakarar på Klimaomstillingskonferansen og andre som ønskjer å delta.
Klimaomstilling 2026
Klimaomstilling 2026
Tid for endring
Tema for Klimaomstillingskonferansen 2025 var "Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling» og konferansen fann stad i Sogndal 6. og 7. mai. I 2025 arrangerte vi for tiande gong denne konferansen, samstundes som vi har hatt ti år med Parisavtalen og det er ti år sidan omgrepet «det grøne skiftet» blei lansert.
I 2025 såg vi på kva som har fungert dei siste ti åra og kva som står på spel i åra framover. Kva må vi gjere for å oppnå endringane som trengst for å møte klimautfordringane på globalt og lokalt nivå? Konferansen gav verdifull innsikt i kva for grunnleggande samfunnsendringar som må til og perspektiv på den internasjonale klimapolitikken.
I tillegg hadde vi innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging – kunnskap som er essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss.
I 2025 feira vi at
Klimaomstillingskonferansen
har eksistert i ti år
Frå #Klimaomstilling2023. Tur til dagsturhytta i Sogndal med Naturvernforbundet, bokbad med Espen Ytreberg, performance med Amund Sjølie Sveen og tettstadvandring med m.a. Inger Auestad frå Høgskulen på Vestlandet. Alle foto: Idun A. Husabø
Tidlegare år
Ti år med Klimaomstillingskonferansen:
Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling.
Areal på raudlista!
Korleis skal vi nytte areala våre framover?
Vanskelege val:
Korleis få opp tempoet i klimaarbeidet?
Klimarisiko og matsikkerhet, energiomstilling
Ny klimapolitikk – klimaomstilling
i praksis?