Sjå video frå klimaworkshop med United World College

Sjå video frå klimaworkshop med United World College

Opning av konferansen

Jon Askeland (Sp) opnar konferansen. Vestland fylkeskommune er medarrangør av #klimaomstilling 2020.

Klimaomstilling og berekraft i ei post-korona-verd

Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo og forfattar av mange sakprosabøker om klimaendringar, natur og samfunnsutvikling. I år er han aktuell med boka “Verden på vippepunktet” (Res publica). I boka skriv han, med utgangspunkt i forsking, om korleis det står til med natur og klima. Han reflekterer òg rundt ulike framtidsscenario. Hessen tek for seg vippepunkt i naturen, men òg i menneska. I innlegget spør han seg om vi, etter erfaringane med koronaviruset, faktisk kan greie å endre oss i tide.

Musikkinnslag med Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella er låtskrivar, musikar og lyrikar fra Ål. Han er kjend for ærlege og sjølvransakande tekstar, og hans første album blei nominert til Spellemannsprisen både i kategorien Årets visealbum og Årets tekstforfattar. I ettertid har Bjella vunne Prøysenprisen, Bendiksenprisen og Edvardprisen, samtidig som tekstane hans er blitt til teater. Bjella sitt siste album, Øvre-Ål Toneakademi, blei sleppt i april og fekk strålande kritikkar.

Tema 1: Klimarisiko

Meir vatn på avvegar i by og bygd - kor tek det vegen?

Rune Bratlie er seniorrådgjevar i NVE og leiar for eit prosjekt som handlar om å bistå kommunane med førebygging av overvasskadar. Kommunane får tilgang på kunnskap om avrenning i tettbygde strøk (urbanhydrologi) og rettleiing i arealplanlegginga. Arbeidet omfattar òg etablering og drift av hydrologiske målestasjonar og hydrologiske analysar. Bratlie tilhøyrer seksjon for areal og sikring (SVA) i skred- og vassdragsavdelinga.

Korleis kan vi forstå klimarisiko i arbeidet med klimatilpassing?

Elin Valand er rådgjevar i regionalplanavdelinga i Rogaland fylkeskommune. Ho deler erfaringane sine med å nytte verknadskjedeanalyse som eit verktøy for å forstå klimarisiko betre i arbeidet med klimatilpassing. Ho deler òg nokre tankar om vegen vidare og om korleis kommunane kan bruke metodikken i planprosessar.

Framtidas kraftproduksjon og klimarisiko - Todelt presentasjon

Valentin Koestler er overingeniør i NVE, og arbeider med framtidig kraftproduksjon. Kva endringar kan vi vente i kraftproduksjonen og kva rolle spelar klimaendringane i desse endringane?

Peter M. Haugan er professor og forskingssjef ved Havforskningsinstituttet i Bergen. Haugan er med på å leie ekspertgruppa for Havpanelet, som er etablert av 14 statsleiarar med statsminister Erna Solberg i spissen. Han er òg rådgjevar for Unescos havkommisjon. Haugan kommenterer NVEs innlegg; kva er klimarisikoen ved eit framtidig fossilfritt kraftsystem, og korleis kan vi redusere denne?

Operasjon nullutslepp som innovasjonskraft

Helene Frihammer er leiar i Klimapartnere Vestland. Ho er òg nasjonal koordinator for nye klimapartnar-regionar hos Norsk Klimastiftelse.

Klimapartnere Vestland vart etablert i 2014 av Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune. Sidan då har partnerskapen, med Frihammer i spissen, vore pådrivarar for å spreie metodikken til resten av landet.

Tema 2: Klimarettferd

The challenges of creating a just societal transformation in the face of climate change

Benjamin K. Sovacool er professor i energipolitikk ved University of Sussex Business School i England og har ei stilling ved Vestlandsforsking. Sovacool forskar på tema som energiomstilling og klimatilpassing i samanheng med sosial rettferd. I innlegget tek han for seg korleis overgangen til eit lågutsleppssamfunn vil auke utfordringane knytt til rettvis fordeling, rettferd og ulikskap.

By og land - hand i hand, óg i klimapolitikken? fordeling av klimarisiko og klimaansvar mellom distrikt og sentrale strøk

Bjørn Egil Flø er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og forskar på tema som distriktspolitikk, utmarksforvalting og forholdet mellom by og land. I innlegget sitt set Flø ny-reguleringa i miljø-og klimapolitikken saman med av-reguleringa i sosial-, nærings-og distriktspolitikken og hevdar at nokre taper der andre tener.

Korleis skape ein effektiv klimapolitikk som òg blir opplevd som rettvis?

Byane våre står overfor eit samansett risikobilde. I åra som kjem må vi både planlegge for eit tøffare klima og forstå meir av risikoen som følgjer av eit samfunn fritt for utslepp. Tarje I. Wanvik, seniorforskar ved NORCE Klima og Senter for klima og energiomstilling (CET) ved Universitetet i Bergen, vil vise korleis dette krev ei rask og omfattande omstilling som krev mykje av både næringslivet, kommunen og innbyggarane. Wanvik har vore politisk rådgjevar for byutviklingsbyråden i Bergen.

Elefanten i periferien: den nye økonomiske ulikskapen mellom sentrum og periferi – også ei klimautfordring

Bente Aasjord er statsvitar, forfattar og skribent, og arbeider som spesialrådgjevar i Fagforbundet med geografisk ulikheit. Aasjord har lang erfaring frå Naturvernforbundet der ho leia Barentshavkontoret, og har vore aktiv pådrivar for endringar i fiskeripolitikken.

Tema 3: Verda og klima-
politikken etter korona

Har koronaviruset endra vilkåra for klimaomstilling, og korleis kan vi bruke koronakrisa til klimaet sin fordel?

I denne digitale sofadiskusjonen går vi tilbake til Dag O. Hessen si innleiing om korona og klimapolitikk. Deltakarane er Dag O. Hessen, Helene Frihammer frå organisasjonen Klimapartnere, og skribent og statsvitar Bente Aasjord. Ordstyrar er Carlo Aall, forskar ved Vestlandsforsking og leiar i Noradapt.