Om Konferansen
Aktuelle tema og ny kunnskap
Konferansen løftar aktuelle problemstillingar knytte til både utsleppsreduksjon, klimatilpassing og omstillinga til eit meir robust og berekraftig samfunn. Her møtest forsking, forvaltning, kommunar og næringsliv for å dele ny kunnskap, erfaringar og perspektiv på korleis klimaomstilling kan gjennomførast i praksis.
Eit regionalt samarbeid med lange røter
Klimaomstilling spring ut av eit mangeårig regionalt samarbeid om klima og klimatilpassing. Samarbeidet starta i Sogn og Fjordane og blir i dag ført vidare i Vestland. Konferansen blir arrangert i Sogndal, med sterke fagmiljø innan klima og samfunnsutvikling som utgangspunkt.
11 år med kunnskapsdeling og utvikling
Den første konferansen blei arrangert i 2015, og i 2026 går Klimaomstilling av stabelen for 11. gong. Gjennom åra har samarbeidet vakse, og konferansen har blitt ein viktig arena for fagleg påfyll, inspirasjon og nye nettverk.
Ti sterke partnarar
I dag står ti partnarar bak konferansen. Saman bidreg dei med sterke fagmiljø, ny forsking og ulike perspektiv på utfordringane og moglegheitene i klimaomstillinga.
Klimaomstilling er ein årleg, nasjonal arena for deling av kunnskap knytt til nokre av dei største samfunnsutfordringane me har.
Vi støttar Regnskogfondet
Kvart år donerer vi 10 000 kr til Regnskogfondet i staden for å gi tradisjonelle gåver til innleiarane