Program

2026

I år er det eit program tettpakka med inspirasjon, kunnskap og nyttige verktøy

Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?

21. september
Beredskap for endra klima

Verda er prega av stor uro for tida, og 2026
er med god grunn utnemnt til totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane.

I år vil vi løfte fram korleis ein halde fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.

Vi startar konferansen kl. 11.00. Denne dagen legg vi hovudvekta på klimatilpassing og korleis vi kan ruste samfunnet for meir ekstremvêr og andre utslag av klimaendringane.

Her kan du mellom anna lære om dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om beredskap for naturfarehendingar.

Nytt av i år er at vi inviterer alle forskingsmiljø i Noreg til å presentere siste nytt frå forskinga på klimatilpassing.

22. september
Samanhengen mellom klimagassutslepp og arealbruk

Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg.

Korleis kan dei halde fram med å omstille seg til eit lågutsleppssamfunn? Korleis vi kan forvalte areala våre klokt, i samsvar med klimaendringane og ta vare på natur?

Vi legg opp til parallellsesjonar om arealnøytralitet, naturbaserte løysingar og sirkulære bygg. Konferansen blir avslutta kl. 16.

Meld deg på her!

Klimaomstilling 2026

Meld deg på her! Klimaomstilling 2026

Jørgen Randers er klimaforskar og professor. Han bygde opp Handelshøgskulen BI, har vore nestsjef i WWF og han har gjeve ut ei rekke bestselgande bøker som advarar om verda si undergang (bl.a. boka «Limits to Growth»). Som 80-åring rettar han no blikket mot Kina, som han håpar kan redde verda. Klimautfordringa mot 2070: Kva vil sannsynligvis skje – og kva burde vore gjort anleis?

Tarje Wanvik er direktør i plan- og bygningsetaten Bergen kommune, tidligare forskar på klimaomstilling ved Univ. i Bergen. Bergen var første by i Norge med eit klimamål: Kor langt har vi kommen med klimaomstillingen?

Ingrid Hjort (postdoktor ved BI) er leiar for ekspertutvalet som skal utrede samfunnsøkonomiske konsekvensar av klimaendringane. Anbefalingane frå den ferske rapporten vert lagt fram på konferansen.

Dei nye kommuneprofilane frå Norsk klimaservicesenter (KSS) - eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing. Klimaprofilane gjer eit kortfatta sammandrag av dagens klima, forventa klimaendringar og klimautfordringar. Me er så heldige å få innføring i bruk av desse for lokale beslutningstakarar.

Live webinar arrangert av Klimapartner Vestland, PwC og Noradapt: Hvordan kan kommune og næringslivet kan samarbeide om analyse av klimarisiko som næringslivet står overfor og hvordan redusere klimarisikoen

Innføring i bruk av Noradapt sitt system for klimarisikorangering av norske vegar, ved Noradapt og Statens vegvesen Vestland

Bli inspirert til korleis øve på beredskap og naturfarehendingar, Statsforvaltar Vestland

Smakebitar frå programmet

FESTKVELD PÅ NORSK BREMUSEUM

Me tek buss til Fjærland og vitjar bremuseet for middag og underhaldning

  • Det vert servert mat basert på lokale råvarer

  • Visning av Bremuseet sin film om Jostedalsbreen og utstillinga er open

  • Bokbad og lansering av boka «An Account of Why Norway only Nearly Succeeded in Creating a Sustainable Climate Transformation” utgitt på Springer forlag. Ved Idun Husabø (Vestlandsforsking), Carlo Aall (forfattar, Vestlandsforsking), og Jørgen Randers (skrevet forordet i boka)

Meld deg på her!

Klimaomstilling 2026

Meld deg på her! Klimaomstilling 2026

Overnatting er ikkje inkludert i billetten. Bestill på Quality Hotel Sogndal- og spør etter konferansepris.