Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?
21.-22. september 2026 i Sogndal
Meld deg på innan 31. august
Klimaomstilling i ei uroleg tid
Verda er prega av stor uro, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar den politiske uroa i verda.
I år vil vi løfte fram korleis vi kan halde fram arbeidet med klima og natur når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.
Klimaomstillingskonferansen er tverrfagleg innretta med ei brei målgruppe: forskarar, andre fagfolk og avgjerdstakarar innan offentleg og privat sektor.
21. september: Klimarisiko og beredskap
Denne dagen ser vi på korleis samfunnet kan førebu seg på meir ekstremvêr og andre konsekvensar av klimaendringane. Du får mellom anna høyre om nye kommunevise klimaframskrivingar frå Norsk klimaservicesenter, og høyre innlegg om beredskap for naturfarehendingar. Nytt av i år er at vi inviterer alle norske forskingsmiljø til å presentere siste nytt frå forskinga si på klimatilpassing.
22. september: Utsleppskutt og omstilling
Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan vi halde fram med å kutte utslepp, ta betre arealval og omstille samfunn og verksemder til eit lågutsleppssamfunn?
Klimaomstilling 2026
Klimaomstilling 2026
Ti år med Klimaomstillingskonferansen
Tema for Klimaomstillingskonferansen 2025 var "Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling» og konferansen fann stad i Sogndal 6. og 7. mai. I 2025 arrangerte vi for tiande gong denne konferansen, samstundes som vi har hatt ti år med Parisavtalen og det er ti år sidan omgrepet «det grøne skiftet» blei lansert.
I 2025 såg vi på kva som har fungert dei siste ti åra og kva som står på spel i åra framover. Kva må vi gjere for å oppnå endringane som trengst for å møte klimautfordringane på globalt og lokalt nivå? Konferansen gav verdifull innsikt i kva for grunnleggande samfunnsendringar som må til og perspektiv på den internasjonale klimapolitikken.
I tillegg hadde vi innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging – kunnskap som er essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss.
I 2025 feira vi at #Klimaomstilling
2024: Korleis blir vi klare for det neste, store ekstremvêret?
#Klimaomstilling
#Klimaomstilling
#Klima
omstilling
2024
har eksistert i ti år
Frå #Klimaomstilling2023. Tur til dagsturhytta i Sogndal med Naturvernforbundet, bokbad med Espen Ytreberg, performance med Amund Sjølie Sveen og tettstadvandring med m.a. Inger Auestad frå Høgskulen på Vestlandet. Alle foto: Idun A. Husabø
Tidlegare
Ti år med Klimaomstillingskonferansen–
Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling.
Areal på raudlista!
Korleis skal vi nytte areala våre framover?
Vanskelege val:
Korleis få opp tempoet i klimaarbeidet?
Klimarisiko og matsikkerhet, energiomstilling
Ny klimapolitikk – klimaomstilling
i praksis?