#Klimaomstilling2026

#Klimaomstilling2026

Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?

21.-22. september 2026 i Sogndal

Verda er prega av stor uro for tida, og 2026 er med god grunn utnemnt til Totalberedskapsåret. Samstundes har vi ei klima- og naturkrise som forsterkar desse utfordringane. I år vil vi løfte fram korleis ein halde fram i arbeidet med klima- og naturkrisa når mykje av samfunnet si merksemd er retta mot tryggleik og beredskap.

21. september vert temaet klimatilpassing. Her kan du mellom anna lære om dei nye klimaframskrivingane frå Norsk klimaservicesenter og høyre innlegg om sivil beredskap. Nytt av i år er at vi inviterer alle forskingsmiljø i Noreg til å presentere siste nytt frå forskinga på klimatilpassing.

22. september vert tema utsleppskutt. Kommunar og næringsliv har framleis ein stor jobb framfor seg. Korleis kan dei halde fram med å omstille seg til eit lågutsleppssamfunn?

Følg med her for oppdateringar i programmet!

Send inn abstract Call for abstracts

Noradapt inviterer i år til ein nasjonal forskarkonferanse i samband med den årlege konferansen Klimaomstilling som har vore arrangert i Sogndal sidan 2016. Vi ønskjer å utvikle konferansen til ein årleg arena for utveksling og formidling av kunnskap om forsking som gjeld klimaframskriving, effektar av klimaendringar på natur og samfunn og tiltak for å tilpasse samfunnet til uunngåelege konsekvensar av klimaendringar.

Klimaomstillingskonferansen er tverrfagleg innretta med ei brei målgruppe: forskarar, andre fagfolk og avgjerdstakarar innan offentleg og privat sektor. Det er viktig at alle bidragsytarar tilpassar presentasjonane sine til breidda av målgrupper.

Vi opnar for engelskspråklige presentasjonar, men krev at PowerPoint-presentasjonar er på norsk. Innsende «abstracts» kan vere på norsk eller engelsk.

I denne første utgåva av Noradapt sin nasjonale forskarkonferanse om klimatilpassing ønskjer vi å vere mest mogeleg inkluderande, og har difor ikkje lagt opp til ei tematisk avgrensing av bidraga.

Presentasjonane vil skje i eigne parallellsesjonar der kvar bidragsytar får 15 minuttar til sjølve presentasjonen og 5 minuttar til spørsmål frå salen. Sesjonane vil bli delte inn tematisk og vi oppfordrar innsendarar til å krysse av for relevans etter lista nedanfor for å lette arbeidet med å gruppere bidraga. Du kan krysse av for flere tema.

Lenke til skjema: Noradapt: Nasjonal Forskarkonferanse om klimatilpassing 2026 – Fyll ut skjema

FRIST FOR INNSENDING: 15. april 2026

Tematiske sesjonar

  1. Det fysiske klimagrunnlaget

    • observasjonar, prosessforståing og framskrivingar

  2. Verknader av klimaendringar i naturen

    • økosystem, artsmangfald og fysiske naturressursar

  3. Verknader av klimaendringar i samfunnet

    • infrastruktur, helse, økonomi og sårbarheit

  4. Klimatilpassing i praksis

    • tiltak, løysingar og gjennomføring

  5. Styring og politikk

    • rammeverk, planlegging og rammevilkår for klimatilpassing

Klimaomstilling 2026 har ein bolk der folk med ulike innfallsvinklar til klimaspørsmål kan presentere arbeidet sitt.

Les meir nedanfor

The conference will include a section where the organisers wish for participants from various sectors and industries to present their perspectives on climate-related topics. Read more for english submission form

Neste konferanse er i Sogndal

hausten 2026

Ti år med Klimaomstillingskonferansen

Tema for Klimaomstillingskonferansen 2025 var "Tid for endring – Halvvegs i tiåret for handling» og konferansen fann stad i Sogndal 6. og 7. mai. I 2025 arrangerte vi for tiande gong denne konferansen, samstundes som vi har hatt ti år med Parisavtalen og det er ti år sidan omgrepet «det grøne skiftet» blei lansert.

I 2025 såg vi på kva som har fungert dei siste ti åra og kva som står på spel i åra framover. Kva må vi gjere for å oppnå endringane som trengst for å møte klimautfordringane på globalt og lokalt nivå? Konferansen gav verdifull innsikt i kva for grunnleggande samfunnsendringar som må til og perspektiv på den internasjonale klimapolitikken.

I tillegg hadde vi innlegg om viktige tema som klimarisiko, naturbaserte løysingar og havnivåstiging – kunnskap som er essensiell for å forstå og møte dei utfordringane som ligg framfor oss.

Tidlegare

Areal på raudlista!

Korleis skal vi nytte areala våre framover?

Vanskelege val: korleis få opp tempoet i klimaarbeidet?

Klimarisiko og matsikkerhet, energiomstilling

Ny klimapolitikk – klimaomstilling i praksis?

2024: Korleis blir vi klare for det neste, store ekstremvêret?

I 2025 feira vi at #Klimaomstilling

#Klimaomstilling

#Klimaomstilling

#Klima
omstilling
2024

har eksistert i ti år

Frå #Klimaomstilling2023. Tur til dagsturhytta i Sogndal med Naturvernforbundet, bokbad med Espen Ytreberg, performance med Amund Sjølie Sveen og tettstadvandring med m.a. Inger Auestad frå Høgskulen på Vestlandet. Alle foto: Idun A. Husabø

Påmelding opnar snart!

Når vi legg ut påmeldingslenka, gir vi rabatt for tidleg påmelding til konferansen.